Forside Traktor Redskap I-mek Byggteknikk Husdyr Data Energi Gardsferie Reise BU Offentleg Org. Utdanning Bruktmarked
Turbinprodusentar Linkar Vindkraft Alternativ energi Varmepumper Varmeattvinning Brennverdiar i ved "Peak Oil"
Mini- og småkraftverk Produsentar og leverandørar småkraftverk  
Mange land- og skogeigedomer har vassfall som det kan vere lønsamt å bygge ut sjølv. Liberalisering av konsesjonslova dei siste åra, høgare straumprisar og fleire leverandørar på utstyrssida gjer dette meir aktuelt enn tidlegare.

Med eige kraftverk får ein kontinuerlig avkastning på denne fornybare ressursen. Ved å selje fallrettane til e-verket, får ein erstatning berre ein gong. Sjølve krafta er då selt for all framtid, medan fallerstatninga ofte er rekna ut på grunnlag av historiske (dvs. låge) straumprisar. Med stigande straumprisar i framtida, er truleg eiga utbygging mest lønsamt.

Grovt delar ein inn dei minsta kraftverka slik:

  • Mikrokraftverk < 100 kW
  • Minikraftverk 100 - 1000 kW
  • Småkraftverk >1000 ~ 10000 kW

Meir om effektutrekning >

Hovudkomponentar i kraftverket:

  • Inntaksdam med rist
  • Røyrgate
  • Generatorhus
  • Turbin
  • Generator
  • Spenningsregulering
  • Kraftleidning

I tillegg kjem infrastruktur kring anlegget:

  • Avløp til vassdrag
  • Veg og evt. anleggsveg
  • Høgspentnett

Det er særleg tre typar turbinar som er aktuelle:

  • Pelton: for stort fall med lite vatn. Vatnet leiast inn i ein eller fleire dyser som spylar vatnet med høgt trykk mot turbinhjulet med skålforma skovlar. Fleire av dysene kan som regel stengast, slik at turbinen kan køyrast med ulike vassmengder.
  • Francis: for lite til middels fall med mykje vatn. Vasstraumen vert leia direkte mot eit stort skovlhjul under relativt lågt trykk.
  • Kaplan (propellturbin): lite fall med mykje vatn. Vatnet vert leia ned på turbinen som er forma som ein propell som står midt i straumen. Propellblada er stillbare for å takle variasjonar i vassmengda.

Ved alle turbintypane driv turbinen rundt ein drivaksel som igjen driv rundt ein generator, anten direkte eller gjennom ein mekanisk overføring. Andre turbintyper er tverrstraumsturbiner og turboturbiner.

Den største tekniske utfordringa vil i mange høve vere utforminga av vassinntaket til røyrgata slik at det ikkje samlar seg stein, greiner og anna rask der, og er dimensjonert for å tole flaumtoppar og isgang. I dei fleste høve vil det vere ein fordel å bygge ei lita demning med overløp. Dette vil gje rolegare straumtilhøve rundt sjølve inntaket. Mange som har bygd, har gjort seg den erfaringa at det løner seg å investere i automatisk reinsing av inntaksrista først som sist.

For nokre vil kanskje investering i veg utgjere den største posten. Og omvendt - ein mindre lønsam skogsveg som allereie ligg der, kan av og til opne for ei lønsam kraftutbygging.

Eit minikraftverk på t.d. 10 kW vil i løpet av eit år gi over
80 000 kWh, som er nok til å dekkje forbruket på dei fleste gardsbruk. Under forbrukstoppane må ein midlertid rekne med å måtte kjøpe litt straum, medan ein sel i overskotsperioder.

Ofte kan ein få i stand avtale med e-verket om å selje overskotet av den krafta ein ikkje nyttar sjølv. Dette vil vere med på å trygge økonomien i investeringa. Spotpris på kraftmarknaden kan då vere eit utgongspunkt for avtale om sal av kraft.

Sjølv om du har fallrettar i eit verna vassdrag, kan ei mindre utbygging late seg realisere dersom den ikkje er til ulempe for miljøet og omgjevnadene. Svært mange trur at dette ikkje er mogeleg i verna vassdrag, og gjev opp på idéstadiet. Sjå artikkelen til NVE for meir om dette.

© Jordbruk.info

Bygland Teknologi - leverandør Hydrohrom turbiner
Energi Teknikk AS - totalleverandør minikraftverk
Flowtite - rørprodusent
Hydroenergi Kjell Joa as
Hydropool - Lier
IREM Ecowatt - produsent (Italia)
Kambe Kraft - forhandler, Etne
Marintech Energy AS - totalleverandør, Kleppe
Microkraft as - Rogaland
Naturenergi.no - Gugler turbiner
Norsk Kraft ASA - rådgjevning og finansiering
Nånes og Mele Kraft- Bygland
Ryfylke Elektro - Sauda, totalleverandør
Ryfylke Energi AS - rådgjevingstenester
Rør og Vannteknikk AS - Trøndelag
Sinus Elektro - Rogaland
Small Turbine Partner - Trondheim
Sopeleisten as - Erfjord, grindrenskere til rørinntak
Stjørdal 3D verksted - S. Trøndelag

Rådgjeving og totalpartnerfirma
Nokre firma tilbyd totalløysingar som tar seg av heile prosessen med forundersøking, prosjektering, konsesjonssøknad, utbygging og drift i samarbeid med fallrettseigarane. Dei har litt ulike forretningsmodellar med ulike opplegg for eigarskap, falleige og utbytte. Her er det viktig at du som falleigar tenkjer langt fram i tid, og ikkje havnar i mindretal på eigarsida til slutt, eller enda verre - til slutt endar opp med å ha selt fallretten din. Du bør vite omtrent kva ressursar som ligg i vassdraget ditt før du går inn i kontraktsforhandlingar med slike firma. Sjå på eit tilbod frå ein eventuell "beilar" som eit utgongspunkt for forhandlingar, og ikkje som eit endeleg tilbod. Minimum 50% av overskotet bør ligge att hjå grunneigarane.

Blåfall AS
Elkem Fornybar Energi AS
Fjellkraft AS
Fossekall AS
Kraftkarane AS
Norges Småkraftverk AS
Sirdalskraft AS
Småkraft AS
Tyngdekraft AS

Vasskraftlinkar:

Nordpool - spotpris straum Skandinavia
NVE - Norges Vassdrags og elektrisitetsvesen
NVE - om kraftutbygging og verna vassdrag
Vannføringskart NVE

Kambe Kraft - "kokebok" for utbygging
Kraftverk.net - regelverk, råd, forum
"Kraftkalkulator" - regn ut effekt

Småkraftverkforeninga
Vassdragsvern.no - Naturvernforbundet om vasskraftutbygging. "Nei" er eit stikkord..

Erdal Minikraft - bildeserie av minikraftverk under bygging i Erdal, Eidfjord, Hordaland. Mange bra bilder av inntaksdammen. Turbin på 625 kW.
Firda - avisartikkel om minikraftverk
Glomnes kraftverk - eit utbygd minikraftverk

Saknar du di side i oversikta?
Send inn nettadressa hit:
LINKTIPS
Oppføring er gratis!

Generator av Peltontypen.
Denne er på ca 2000 kWh.

NYTT! Traktorforum og markedsplass brukte traktorer!


Spotpris og nærmeste termin el.kraft. Kjelde: Nordpool.

Nyheter:
16.08.07:
Regjeringens nei til privat eide kraftverk får liten betydning for småkraftverk.
Regjeringens provisoriske anordning fra 10. august om ikke å gi konsesjon etter industrikonsesjonsloven (ervervsloven) til privat eide kraftverk vil i svært liten grad berøre de mange som søker om tillatelse til å bygge småkraftverk.
Les meir >>

Dimensjonering av småkraftverk: Effektutrekning:  
Kor mykje kraft du kan få ut av eit anlegg varierar enormt, og er avhengig av dei vala ein gjer. Rett dimensjonering av eit anlegg er avhengig av gode grunnlagsdata, som fortel kor mykje vatn som renn i vassdraget og korleis vassmenga det varierar både gjennom året og over kortare intervaller. Berre innanfor eitt døgn kan vassmengda endre seg med fleire 100 %. Dette kallast hydrologiske data.

Nøkkelfaktorar er

  • årsnedbør, gjennomsnittleg
  • nedslagsfelt, dvs. alt areal ovanfor inntaket
  • årleg middelvassføring ved inntaket
  • fallhøgda mellom inntak og turbinhus

Årsmiddelvassføringa finn du ved å multiplisere arealet av nedslagsfeltet med årsnedbøren per arealeining. Årsnedbøren i ditt område er ofte kjend gjennom meteorlogiske statistikkar for ditt område. NVE har også ein del data som gjev ein god peikepinn. Det kan likevel vere ein del lokale variasjonar, så heilt nøyaktige data kan ein berre få ved å måle vannstraumen i det aktuelle vassdraget.

Eit døme: På mange stader på vestlandet er 1500 mm per år vanleg årsnedbør. Per kvadratmeter blir dette 1500 liter vatn. Per kvadratkilometer 1,5 milliardar liter vatn! For å finne mengda per sekund må dette delast på tal sekunder i eit heilt år: 1 /(365*24*60*60)

1500 000 000/(365*24*60*60)= 47,5 liter/sekund (l/s) per kvadratkilometer. Dersom du då f.eks. har 5 kvadratkilometer nedslagsfelt, blir årsmiddelvassføringa 47,5 * 5= 238 l/s.

Men vassføringa varierer mykje med svingningar i nedbør og temperatur. Om vinteren blir nedbøren lagra som snø. Myrområde og vatn i nedslagsfeltet magasinerer også vatn naturleg, og jamnar ut svingningar i regnversperiodar. I somme periodar vil vassføringa vere mykje større enn gjennomsnittleg årsvassføring.
Pga. desse svingningane i verkeleg vassføring, er det vanleg å overdimensjonere turbinen ved å multiplisere årsmiddelvassføringa med ein faktor. For nedslagsfelt med naturlege eller kunstige magasin kan denne faktoren settjast lågare, enn der vatnet blir hurtig drenert ned i vassdraget.

Vanleg nytta faktor ved magasinering er 1,5 X. Utan magasinering 1,75 X, av og til opp til 2X.

I dømet over bør ein difor dimensjonere rørgate og turbin etter maksimal vassføring på kring 400 - 500 l/s. Då får ein med det meste av vatnet. Men å få med alle toppane blir for kostbart. Turbinar kan leverast med avanserte dysesystemer, som regulerer ned og kan utnytte vassføringar heilt ned til kring 10% av maksimal slukeeevne. Då produserar verket straum også i periodar med lite nedbør.

Det er ikkje alltid at det er økonomisk lønsamt å gå for størst mogeleg turbin. Optimalisering av eit anlegg bør nok skje i samråd med erfarne rådgjevingsfirma, som både kan framskaffe og tolke hydrologiske grunnlagsdata. Dei kan rekne seg fram til kvar det er mest lønsamt å plassere inntaksdam og turbinhus, fastsette rørdiameter, dimensjonere turbin osv, noko som er viktig for å trygge økonomien i ei utbygging.

© Jordbruk.info

Krafta kjem av den kinetiske energien E som er lagra i massen i vatnet når det sleppast frå fallhøgda h:
Ek=mgh

g=9,81 m/s²
m=masse, dvs. kg vatn per sekund (l/s)
h=vertikal fallhøgd frå inntaksdam til turbin

Denne verdien er teoretisk. I praksis vil litt energi gå vekk i friksjon i røyrleidning og som tap i turbin og generator.
Ein verknadsgrad på 90% kan vere ei meir realistisk målsetting. Forenkla kan då formelen for effekt P settast opp slik (g x verknadgrad er avrunda til 9):

Effekt i kW=(kubikk x 9 x fallhøgd)

Årsproduksjon i kWh = effekt x 8760 timer (1 år)

Døme på utrekning:

1) Lite vatn og middels stor fallhøgd:
50 l/s og 200 m fallhøgd

Effekt: 0,050x9x200=90 kW
Maksimal årsproduksjon 90 kW x 8760 h=783000 kWh

Verdi av årsproduksjon:
Spotpris 16 øre/kWh gir 125000 kr.
Spotpris 40 øre/kWh gir 313200 kr.

2) Mykje vatn og lita fallhøgd:
1000 l/s og 30 m fallhøgd

1,0x9x30=270 kW
Maksimal årsproduksjon 2350000 kWh

Verdi av årsproduksjon:
Spotpris 16 øre/kWh gir 375000 kr.
Spotpris 40 øre/kWh gir 940000 kr.

3) Middels vatn med stor fallhøgd, typisk eit middels stort fjellvatn bygd ut ned til fjorden:
500 l/s og 500 m fallhøgd

0,5x9x500=4500 kW
Maksimal årsproduksjon 39420000 kWh=39,4 GWh

Verdi av årsproduksjon:
Spotpris 16 øre /kWh gir 6370 000 kr.
Spotpris 40 øre /kWh gir ca. 15 800 000 kr per år...

Dette siste eksempelet vil vere over konsesjonsgrensa til NVE, og vil trolig ikkje bli tillete utbygd privat av grunneigarane. Derimot finst det ei rad anlegg i Norge i denne storleiken som er bygd ut av kraftselskapa.

© Jordbruk.info


Gamle fallerstatningar frå kraftselskap: Økonomisk risiko ved utbygging:  
Eg vil våge påstanden at historisk sett vil fallrettserstatninga til grunneigarane etter den gamle lovgivinga i dei fleste tilfelle ikkje stå i rimeleg forhold til den avkastninga kraftselskapa har av kapital til utbygging og drift. (Se døme 3).

Det finst døme på anlegg der fallrettserstatninga for konsesjon over 100 år er erstatta med eingongsbeløp som tilsvarar verdien av nokre få månaders produksjon med dei kraftprisane vi opplever i dag!

Sjølv om der kanskje i tillegg ligg att ein anleggsveg til nokre få millionar til fri bruk for grunneigarane, utgjer den samla erstatninga i slike tilfelle likevel ikkje meir enn kring 6 månaders produksjonsverdi. Dette er nok meir for knappar og glansbilete å rekne i høve til verdien av den samla kraftproduksjonen i løpet av konsesjonsperioden.

Skal fallrettar i framtida bli erstatta rettferdig av kraftselskapa, må grunneigarane få sin rimelege del av dei verdiane som blir produsert i heile konsesjonsperioden. Dette må då innebere fri kraft og/eller årleg utbetaling regulert etter variasjonane i kraftprisen. Når konsesjonsperioden er ute, bør rettane falle tilbake til grunneigarane eller kunne reforhandlast ved forlenga konsesjon utover opphaveleg konsesjonstid.

Å leige bort ein fallrett for 100 år kan synest lang tid for dei fleste, sjølv om ein skulle greie å sikre seg rett til reforhandling ved utløpet av konsesjonstida. Å selje retten for alltid - for evig - er likevel noko heilt anna, sjølv om skilnaden kan synes liten ved starten av ein konsesjonsperiode på 100 år. Det er svært krevjande og utfordrande å ta inn over seg dette evigheitsperspektivet. Men for framtidige generasjonar sin skuld bør ein likevel gjere det. Kraftselskapa er på sin side derimot interessert at ein ikkje gjer dette, for då har dei sikra seg sjølv for all framtid. Og dei har god tid.

Ved fallerstatning bør merverdien av eventuell magasinering erstattast langt betre enn i dag. No får ein helst berre erstatning for neddemt areal, og då gjerne etter verdien for tapte beitearealer. På høgfjellet er denne svært låg per dekar. Men for kraftselskapet betyr magasinering svært mykje for totaløkonomien i ei utbygging, sidan dei då kan køyre verket med jamnare uttak og fyllle opp magasinet i periodar med låg spotpris. Dette gjer det mogeleg å produsere straum i periodar med høg spotpris sjølv om det skulle vere lite nedbør i denne perioden, td. sein haust og vinter. Dette gjer at magasinering aukar verdipotensialet i ei utbygging i høve til å måtte produsere i takt med nedbørsvariasjonane. Denne meirverdien bør i større grad også kome fallrettseigarar til gode ved framtidige utbyggingar.

Den globale oppvarminga og drivhuseffekten vil truleg føre til at nedbøren i framtida vil auke i store deler av Norge. Dette vil auke potensialet for kraftproduksjon og dermed gevinsten for kraftselskapa. Også av denne grunn bør ein sikre seg når ein inngår avtaler om fallrettserstatning, at auke i kraftproduksjonen også gjev høgare avkastning for grunneigarane, og ikkje berre for kraftselskapet. Med årleg avkastning og reforhandlingsrett etter konsesjonstida, vil ein vere vere sikra rettferdig erstatning også ved meir nedbør i framtida.

© Jordbruk.info ved Jørn Løset 20.10.2001.
Revidert 28.04.2004

Når ein skal vurdere økonomien i ei privat kraftutbygging er det viktig å vere klar over at dei største økonomiske variablane over tid ligg i det som skjer i driftsfasen. Kostnadene ved dei tekniske installasjonane er det nokså greitt å få oversyn over. Meir uklart er kva som skjer undervegs i anlegget si levetid. Særskild gjeld dette tilhøve knytt til:
  • spotpris i kraftmarknaden
  • årsvariasjon i nedbør
  • rentenivå
  • driftsstans og vedlikehald
  • skattlegging av kraftproduksjon
  • politiske endringar i rammevilkåra

Om elva eller bekken frys til om vinteren, tørkar inn eller er utan regulerande magasin, vil dette påverke kraftig kva tid på året ein har dei største kraftinntektene. Det hjelper lite å ha mykje vatn lagra høgt til fjells om vatnet ligg der som snø medan spotprisane er på det høgaste. Kanskje har ein størst produksjon når straumprisana statistisk sett er låge? Gode grunnlagsdata for årsnedbør og årsvariasjonar sikrar at ein prosjekterar anlegget med optimal storleik og med eit realistisk inntektsgrunnlag.

Det skal no vere mogeleg å teikne forsikring mot tørkeperiodar. Sjølv om dette kostar noko, vil ein over tid vere sikra mot periodar med inntektsbortfall. Eit anna verkemiddel for å redusere den økonomiske riskikoen er å ta heile eller delar av finansieringa til fast rente. Ein kan også forhandle om å levere straum avrekna til fast pris i staden for til spotpris.

Selskapsformer

Organisering av eige kraftselskap kan gjerast på mange måtar. Det vanlegaste er aksjeselskap, der fallrettseigarane går inn som aksjonærar med tal aksjar i høve til sin part av fallretten. Det er og vanleg at aksjeselskapet då leiger fallretten av grunneigarane. Slik sikrar ein at fallrettane framleis er eigde lokalt, også dersom as'et av ein eller annen grunn skulle gå konkurs.

Kven har fallrett?

Fallrett har i regelen den som har eit vassdrag som går gjennom sin eigedom. Fallretten er då ein del av eigedomsretten. Men det er ikkje sikkert at ein eig dette åleine, dersom eigedomen har vært utskifta i nyare tid.

Klarlegging av kven som har fallrett eller ikkje, må difor avklarast i kvart einskild høve. Her kan det vere mange ulike variantar av rettar og fordeilingar, særleg der markane ein gong låg i teigblanding. Det mest vanlege er to hovudformer for fordeling: eigarskap etter kven som eig eigedomen inntil vassdraget, og felleseige etter gamal skyld. I alle høve eig ein på kvar side til djupålen av eit vassdrag, dvs at kvar side har 50% av vassmengda, sjølv om djupålen ikkje går akkurat etter midten. Avklaring av rettar er ein absolutt foresetnad for å kome vidare med eit prosjekt. Rettane er ofte nemnt i eldre utskiftingspapir, men av og til må ein innom jordskifteretten for å avklare dei faktiske tilhøva.

© Jordbruk.info


...............................................................................................................................................


Oppdatert 30 apr 2008. Copyright Jordbruk.info/ Jørn Olav Løset. E-mail [email protected] .
...............................................................................................................................................