Forside Traktor Redskap I-mek Byggteknikk Husdyr Data Energi Gardsferie Reise BU Offentleg Org. Utdanning Bruktmarked

Om Jordbruk.info

Jordbruk.info er ein nettstad laga av ein som sjølv driv aktivt innan jordbruket, og er meint å vere til beste for alle aktive yrkesaktive og tillitsvalde innanfor landbruksrelaterte næringar, uavhengig av organisasjonstilknyting og politiske standpunkt. Sidene er oppretta og redigert av Jørn Olav Løset. Eg driv eit mjølkebruk av vanleg storleik i Volda på Sunnmøre. Litt meir om meg kan du elles lese om på mi private heimeside.

Kontakt

Jordbruk.info
c/o Jørn Olav Løset
Dalsbygd
6120 Folkestad

Tlf. mob. 481 45521
Org. nr. 869 128 872

Bakgrunn

Sidene kom på nett første gong på tampen av 1999, då som ei enkel nettside for lokallaget mitt, Dalsfjord Bondelag, som det første lokallaget på nettet i Møre og Romsdal. Dette er også bakgrunnen for at desse sidene er skrive på nynorsk. Med tru på at fleire lokallag ville late seg presentere her, vart så domenet Bondelag.com kjøpt hausten 2000. Men lokallaga har ikkje synt interesse for dette, samstundes som sidene har utvikla til å få preg av ein sjølvstendig portal. Kanskje var ein for tidleg ute med dette, eller at trongen for ei slik løysing rett og slett ikkje er til stades.

I perioden 2000 - 2003 låg sidene ute på nettet under domenet Bondelag.com. Den 05.11.2003 skifta nettsidene namn til det meir nøytrale domenet www.jordbruk.info, mellom anna for å unngå forveksling med nettstaden til Norges Bondelag. Domenenamnet bondelag.com har no ikkje lenger nokon tilknyting til denne nettstaden.

Bruktannonsar

I april 2005 vart det inngått samarbeid med Bruktmaskinportalen AS om eit betre system for annonsering av brukt landbruksutstyr. Bruktmaskinportalen driftar nettstaden machinepages.net til dette føremålet. Jordbruk.info var med i prosessen for å byggje opp datastruktur og søkjekriterier slik at jordbruksdelen på machinepages.net skulle bli så enkel og oversiktleg som mogeleg for brukarane. Annonsene på machinepages.net ligg ute både på norsk og engelsk, slik at ein potensielt vil kunne nå internasjonale kundegrupper.

Bannerannonsering

I samarbeid med machinepages.net vil jordbruk.info etterkvart kunne tilby pakkeløysingar med bannerannonsering og bruktmaskinannonsar på begge nettstader. Dette er mest aktuelt for firma som skal selje fleire objekt og samstundes vil eksponere logo med link til eiga heimeside. For meir om dette, sjå under "kontakt" på machinepages.net.

For bannerannonsering berre på denne nettstaden, ta kontakt direkte på [email protected].

 

Tipse om linkar?

Denne linklista er laga utan at webmaster har økonomiske fordelar av at nokre firma står på lista. Oppføringane er difor ikkje å sjå som spesielle anbefalingar av deira produkter framfor andre sine. Dersom du meiner at ein eller fleire linkar burde vere med her eller har andre synspunkt, så send gjerne tilbakemelding til [email protected] .

Dersom du eller ditt firma ikkje ynskjer å stå på lista, vil vi sjølvsagt fjerne den.

 

Laste ned logo til jordbruk.info

Dersom du vil linke til jordbruk.info frå di eiga heimeside, så kan du gjerne gjere det. Du kan og laste ned og leggje ut logo til jordbruk.info. Vilkåret er at du ikkje har ei heimeside som inneheld pornografi, rasisme eller strir med norsk lov elles.

(200 x 60 pixler)

(468 x 60 pixler)

(468 x 60 pixler)

Høgreklikk på logoen du vil ha, og trykk "lagre bilde som". Bildet limer du inn på nettsida di, og linkar til den med html-kode

.........................................................................................................................................

Oppdatert 25 mai 2005. Copyright Jordbruk.info/ Jørn Olav Løset. E-mail [email protected] .
.........................................................................................................................................