ORIENTERING OM KRAFTFONDET
I VOLDA KOMMUNE.
Hovudbidragsytar
til kraftfondet har vore og er utbygginga i Åmæla. Samla
tilførsle til kraftfondet er omlag kr. 450.000,- pr. år (frå
2001).
Korleis skal midlane
brukast:
Kommunestyret
har gjort vedtak om eigne vedtekter, som er godkjent av
Fylkesmannen i Møre og Romsdal den 5.11.96, jfr. vedlegg.
Fondet
skal nyttast til næringsføremål, men kan og nyttast til
kommunale fellestiltak..
Tilskot frå fondet er
vurdert som skattepliktig inntekt for søkjar
Sakshandsamingsreglar:
Næringsutvalet, som er
fondsstyre, har vedteke følgjande om den konkrete bruken av
fondet:
Næringsutvalet
legg til grunn følgjande m.o.t. søknader om investeringar:
Det vil i hovudsak ikkje bli gjeve støtte
til:
- rullande materiell (bilar og tilhengar)
- kontorutstyr og -maskiner
- handverkty
- bygningar (her unntatt produksjonsanlegg)
- Det blir ikkje løyvd midlar til tidlegare støtta tiltak før
det har gått minst 5 år frå
første gong det vart gjeve støtte til tiltaket. Dette
hindrar ikkje at eventuelle nye
eigarar kan søkje støtte til supplerande investeringar
eller bedriftsutviklingstiltak.
Vidare
i tilfelle sal/nedlegging:
-
Dersom verksemda blir selt eller nedlagt i løpet av 2 år frå
tilsagn om støtte vert gjeve, skal næringsutvalet kunne krevje
attendebetalt høvesvis del av innvilga tilskot etter nærare
vurdering.
Ved
nyetableringar vil det etter nærare vurdering også kunne bli
sett følgjande
vilkår:
- Det er eit vilkår at søkjar vil ta del i etableraropplæring,
t.d. Etablerarskulen.
Næringsutvalet vil dekkje 50% av kostnadane til denne på
vanleg måte.
Utover
dette vil søknader bli handsama individuelt og vurdert i kvart
einskild tilfelle.
Administrasjonssjefen
får fullmakt til å innvilge søknader om lenging av
utbetalingsfrist i samband med løyvingar frå kraftfondet.
Lenging av frist ut over 2 år må leggast fram for
næringsutvalet til avgjerd.
Administrasjonssjefen
får fullmakt til å innvilge søknader om bedrifts-
utviklingstiltak på inntil kr. 10.000,- (50% av ein totalkostnad
på kr. 20.000,-).
Administrasjonsjefen får fullmakt til å innvilge
søkjarar 50% dekking av
etablerarskulekostnader (kursavgift).
Administrasjonssjefen
får fullmakt til å prioritere midlar til kompetansehevande
tiltak til administrasjonen med inntil kr. 5.000,- pr. tiltak.
Søkjarar
må legge fram skatteattest før søknad vert handsama.
Volda,
6.6.03.