Volda.info
Kommune
Skular
Kulturliv
Lag og org.
E-post
Næringsliv
Helse
Student HVO
Fergerute MRF
Reiseguide
Nettbank
Nettaviser
Radio & TV
Vervarsel
Chat

Biletgalleri
Ord & uttrykk
Data & web
Sunnmøre
Startsider og søk på nett

Legg Volda.info til i dine favorittar


© 2007 Volda.info

Ord og uttrykk frå bygdene i Volda

Verb Substantiv Adjektiv + adverb Diverse uttrykk Bakgrunn

Verb: å ...

akkedere -
al - tjørerik kjerneved
andast - utande; døy
anke på - tenke på, engste seg for - "Ka, he du ein brøddeig du anka på?"
blesme - i brunst, brukt om søyer
brenne tåa - smøre lapis på verketå
brese - brune maten
dalge - slå hardt
dauvsne - når kyrne slår seg yre og galne ute på beite
dæse - bli utslått av varme
fjautre - fjørlett snøfall, sjå motsv. subst. "No fjautrar (h)'an."
fjuske - jukse, fuske (uttaleforskjell der s og k har bytta plass)
fjuske til - improvisere ei mellombels løysing
forblingre - gjere forvirra
frette - få vite nytt ( uten å si : fritte ut)
få hål til - greie ut, finne ut, stadfeste
ga(r)ne - greie ut fiskegarn
gjøre - drite
gløse - myse, glane
gnoble - stange, knuffe
gramme seg - syte og klage
gågnå - komme, vere på veg
ha seg - ha sengekos
halle seg - kvile
hute seg - skjerpe seg/ gi seg
høyre gjete - høyre om
hå itte - hugse, komme på
kakke - øte
kleime - klamre
kli - spy, kaste opp
kvide seg - grue seg
klovne - dele seg
knalle åt - være utslitt, nærast kollapse
knette - knake
knoge - streve
knusse - gnoble
kovne - kvelast
kyrkne/kjyrkne - kvelast
ligge rond (rund) - sove med kleda på
lunne - ikkje få fisk, bomtur på sjøen
løype (om kyr) - vere brunstig
maure på - arbeide hardt og lenge
muskje på - arbeide, streve
molle - mumle
pitle - drive med noko smått
pitlaved - småved til oppfyring
pople - skravle
putle - pusle
påte etter makrell - særleg fiskemetode etter makrell med to stenger
påtre - ganne, kaste trolldom
rimne - revne
rise i hold - få frysningar
sike ta potetene - slå vatnet av potetene, eller å tisse ( for mannfolk spesielt...)
ski'ne - når kyrne søkjer vatn og avkjøling i sommarvarmen
skoga tak i - få fatt i
skyte laust - miste feste, glide, kome på trill
sleve - sikle spytt
smeikje - smiske
smi (noke) - spikke med kniv
snible om - skifte til (fin-)kle
snøde - å slynge
spøte - strikke
stiltre - liste seg fram
staure - sette staurane i ei hes
storgråte - gråte, stor- er eigentleg adverbet som har flytt saman med verbet gråte
storspringe - springe i full fart
struple/strople - tulle, snakke (sladre) om andre, laust prat
styre seg - ha sengekos..
søse - laust prating, men på ein avslørande måte
take laust - bryte opp, elles som "skyte laust"
tiple - prøvemjølke ein spene
transjakle - fundere, lure på, saumfare
tutle
tyte - laust prat, prate mykje
ute å slynge - ute å reke, gå ute uten bestemt formål
viske - dra høyet fram for vondling
viskje seg - vere stolt, viktigper
vondle - lage vondlar (tørrhøyballer)
ølest - " , øse seg opp
øse - halde leven
øte - drite (små barn)
åt å .. - byrje å ..

Substantiv:

atlege / attelege - engstykke
bansunge - lite barn
bete - tverrbjelke i ei løde el. anna grindbygg ("ligge oppå betå" - dativ form)
bjørkeskat - avhogne bjørkekvistar
blende - sammenblanding av drikke, - sulblende
ei blæje - ein duk
blåstøde - svært slapsete snø
ein bokkje - tilbakeståande person
ein bukkebol - sjå under bokkereidar, evt. spør Stein Hjelle ;o)
ein bokkereidar - ein som er litt einstøing, bygdeoriginal
ein boltar - ein skrytepave
bos - søppel
ein botel - trekjøreld, som ei bøtte el. kar (jfr. eng. "bottle")
ei brok - bukse (jeans)
eit dovr - bli sløv og trøtt; "Ej fekk eit dovr"
dravle - eit slag mjølkestoff
ei druse - eit stort kvinnfolk
ei ed - oppkome med vatn
ein eitel - ein nidkjær og sta person, i negativ tyding
fjautr - litt snø i lufta, gjerne rett før det snøvar skikkeleg
flukser - fillete (senge-) tøy
flukse/flokse - også om slintrar i mjølk
fóre - furu
eit forstasje - stor tønne (skipsuttrykk)
gap - dum el. narraktig person
gimbr(e) - sau som har fått lam ein gong
ein gjør - ein dritt
gjøtta - bossplass, helst i eit gjøl
ein gnoblefant - ein som gjerne vil slåst
ein goleboss - brukt om dei gamle bussane til Mørebil
eit golv - lengda mellom to staur i ei hesje
gople - blaut gjørme
gótene - høgtliggjande drag i terrenget, "oppå gótå" - dativform
gramyrsle - klaging, gramme seg
glyfs - skrittet
ein grobian - pengeglad person
gutpøyk - guttunge
heida - fjellheia ovanfor fjellbruna
hesband - vidjer til å feste hesjetroder med
hesved - alt treverk til hesjer
hikkass - Toyota HiAce
hjellen - "loftet" i lødahon - hå, høy av andre slått
hun - avskjer frå tømmerstokkar
høystål - plass i løda for tørrhøyet
ein jase - hare
ei jasegeit - kattugle
ein juskepave - ein småløgnar
kalvedans - pudding av råmjølk
kammar - møkk frå menneske
ei kaule - slagsmål, bråk
eit kjelve - eit kjevle
kjærald / kjøreld - reiskap til å lage mat i
klyssj - clutch
klåde - kløe i kroppen
kolbota - bak i knehasene
ei krede - bekkaure
krekse -
kønnjøl - kornøl
langorv - lang (stor) ljå
ein latstrokk - ein lat mann (av strokk); "Ste som ein stokk!"
leke - mildver, gjerne med regn
lester - sokker
lodaløyse - formangel, om våren
lunner - tverrgåande trestokker i båtstød som letter låringa
løje/løye - moro, artig
magerempe - magetrøbbel
marketad - tad som er breidd
marketadvejr - høveleg ver for å breide tad
me'morgos / medmorgon - frukosttid
mokdonge - søppelhaug
moras - buskas, tett skog
mort - liten småsei
eit mosk/musk - mykje styr, aktivitet
mott/mått - tremark
ei mykje - øyrefik
myrdepel - gjørme
nabb - endepåle til hesa for feste av strengen
nasebob - snørrklump
navar - tverr person, elles heimesnidd trebor
nova - hushjørne
ondebresle - sengety, underteppe
ondekvitel - eit slags underlaken
oppskokje - nesten ferdig kornøl
pale - stor sei
peist - vere utsliten
ein pjakk - smålaks (1-3 kg)
ein pjåtr - evneveik person
ei plete - ein liten plass
ei prette - fleip, tull, fantskap, å gjere nokon eit pek
ei poplekjering - snakkesalig dame
ein pultrungje - tøydokke av gamle klede, somme tider nytta i sauefjør for å narre sauene til å tro at der var folk til stades
raft - takutstikket langsmed langveggen på eit hus
raftalje - langsgåande bjelke i grindbygg
rekling - eigen type tørrfisk av kveite
rempling - ungdyr av hjort eller storfe
rennedrev - snø som fyk avgarde
renneskjeta - diaré
renneskjetkaggje - drittsekk
ei rimne - ei revne
risping - mellomstor sei
ein rotel - kraftig (overvektig) person
ei rue - kukake, møkk
ei rås - sti i terrenget
saudeparla - sauelort
saup - kinne smør, også om mjølkerestane etter kinninga
seid - sei
sel - ei lita hytte, gjerne todelt og helst på seter
sengeklepar - ullteppe + rye
skislaba(r)n - dåpsbarn, dvs. barn som ein er fadder til
skislagåver - dåpsgåver
skjelle - spesiell vindtrekk langsmed Dalsdalen/ kald vind
skjening - utslett rundt munnen/ forkjølingssår
skorve - sårskorpe
eit skot - hus for båtbyggjing
ei skrylje - ei mager ku, også om folk
ei skytje - siderommet/svalgangen i ei skytjeløde
ei skytjeløde - løde av berande reisverk med grind og svalgang utanfor
skyr - tynn surmjølk
skåre - trestang med Y-forma ende til å støtte hesjer med
slabenk - særegen type benk, for kvile og oppbevaring av ting
sladakje - hengslete tenåringsgut, dum og lat mann
ein slede - giddalaus mann som kan betre, men ikkje bryr seg
slufserumpe - litt sjuskete kvinnfolk
ein slyngert - tur utan bestemt formål
ei slysne -
slåk - søkk innover i terreng, nesten eit gjel
smeite - lærepenge el. pek?
snór / snår - snørr
snåtel - ein litt lur og sleip person
ein spren - ein pusling
eit stekkje - ope grindbygg utan veggar, gjerne til båt
stokkål - stor makrell
ein stokk - bøtte
ein strokk - botel med lokk og øyrer
stronge - ukappa vedstokk; ei vedastronge
stroplekopp - tøysekopp
stuttorv - småljå
sul - surmjølk utblanda med vatn, som en gjerne hadde på slåtteteigene før i tida
sulblende - som sul
eit sved - blank, glatt fjellside, svaberg
Sverek - Sverige
søst - ei slags søt, kornete ost som vert brukt på lefser
såd - pratestøy frå folkemasse
tad - tørr husdyrgjødsel
timbr - tømmer
tirrestikke - ertekrok
torvål - langsgåande stokk på tak som held torva på plass
ei trode - ei stang
tverrdrivar - person som motarbeidar noko
utrøne - solgangsvind inn fjorden (frå nord-nordvest)
va'bein - trerull til å feste på båtripa til å dra vadet over
vad - line til fiske (kveitevad)
ein vaspadall - tullekopp
eit vassfløde - kraftig regnvær
ein vondel - fin ball tørrhøy
yvebresle - sengety, overteppe
ein øt - ein bæsj
ei å - oppkome med vatn
åbit - lite måltid før sjølve frukosten
ei åkome - oppkome
ei åte - fiskekok (stim) på fjorden

Adjektiv og adverb: å vere .../ det er ...

beinkløyvd - ærleg, vere rett fram
brøysk - sprøtt, helst om treverk som lett sprekk
bøvleg - stor, voldsom
einert - bart, ikkje utblanda
fjelge - heit - "Ej ska ha ei fjelge pylse" - dvs. hotdog
flanete - tilgjort og litt dum
forbina - forbausa
forkava - svært travelt opptatt
forkvede - litt for veik
formektige - stor, forsterkande uttr.
forsoffa - sjuskete
forsumpra - bortkasta, attgløymd
gapa - vere dum
gjerandslaus - uten noko å gjere
glasskolla - utan hår, heilt flintskalla
grynnje - enkel, teit
hekja / hekjen - gjerrig, knipen
herige - tøff og hard
ikkje herige - pysete
ille - sinna
kjekk - koselig (nyanse frå det vanlege uttrykket "kjekk"), evt. i tyding frisk
kleimete - innpåsliten
ljøte - stygg av utsjånad
modalaus - motløs, utan initiativ
nauta - forsterkande uttrykk
neise - unnfallande
niske - sta og vanskeleg person
ofjelg - ufyseleg
otekt - ekkelt
pjåte - sprek, svær, fin (pos. tyding)
på let - kva farge
på skap - kva fasong
på simmåte - på sin måte
storslægja - storvokst, grovbygd
redige - stor
reipa ratt - enkelt, fort gjort; "Det va' reipa ratt!"
skap - fasong
skjerre - vill og sky, ikkje tam
skryten / skryta - stygg
spike longlegg - beinflyge, springe fort, helst nedoverbakke "Han kom spike longlegg na'te."
sprenete - pysete el. puslete
strunkje - stinn og strunk
støre - litt ustø person, stive bevegelser
svært - forsterkande uttrykk i positiv tyding
sutalaust - greitt, lettvint
symde - symjedyktig; "Han va'kje symde"
treiske - sta, sur, grinete el. negativ person
tyde - tam, om dyr
utbøres - klissvåt
vandelaust - lettvint
venelskja - elskverdig
viskjen - hoven og viktig person i eigne auger

Diverse uttrykk:

Bikken de'! - kraftuttrykk
Brellande de'! - "
Det skil ikkje mej - det angår ikkje meg
et ta korje - ein av kvar
fole - generelt kraftuttrykk; voldsomt, spesielt, underleg : De' e' so fole!
hessle'/ hessele'- heslig
heise - gen. kr.uttr., som gradering
Heise de'! - som over
Håke de'! - bannord
hordeleg ... - veldig... ; gradering av kraft i uttrykk
i kor(j)e hendene - i båe hendene
kokt på bakholet - kokt på bakerste (dvs. varmaste) plate på treomn
medbers - om skodda når ho ligg middels høgt
na-ate - ned igjen
oppigjønå - opp i gjennom (i bygda)
reipa ratt - enkelt, vandelaust
Rise i hold - få frysningar
Råk du reis? - Fikk du gjort det du skulle?
Skamma ete og skamma løyvt! - ete skammeleg mykje, men likevel lagt att ein liten bit
sjølegja - om skodde som ligg heilt ned til fjorden
Smeis! - kraftuttrykk, gjerne i positiv samanheng eller for å vise overrasking over noko
Smette de'! - "
skoga tak i - få fatt i
ta dei etter råkes - på rad, etter kvarandre
Te' bøvels! - noe som går på tverke, pokkerivold, ad dundas
Te' honders! - "
Ut i bya - i Ålesund
Utom nova - ut for å tisse
Vinn ikkje! - for lita tid, ikkje rekke noko
Yssja! - huff da!, usj da! (ikkje snakk sånn...)
Å hårre heite de'! - bannskap, kraftuttrykk

...........................................................................................................................................

Bakgrunnen for ordlista

Med ei oppvekst i andre kantar av landet, var det ikkje alle ord og vendingar i daglegtalen eg forstod med det same då eg flytta til kommunen for drygt ti år sidan. Eg var vand til å høyre mange dialekter, og høyrde då nokså lett kva ord som var verkeleg særprega i dialekta her.
E
g tok for moro skuld til å skrive ned ein del av dei mest særprega orda som dei eldste i Dalsbygda nytta. Først var det på små hugselappar mest for å lære meg tydinga. Etterkvart forstod eg at manga av orda var nytta berre av dei eldste i dagleg tale. Generasjonen under visste gjerne tydinga, men nytta kanskje ikkje sjølv ordet like mykje. Dei yngste visste kanskje ikkje om orda eller tydinga i det heile. Dette er då ord som er på veg ut av bruk. Særskilt gjeld det namn på reidskap eller driftsmåtar som er forelda, eller verbet som oppstår når ein brukar denne reidskapen. Eg meinte då at det kunne ha ein viss verdi å samle inn så mange av desse orda som eg kunne kome over, og tok til å spørje dei eldste her meir systematisk.
Fleire av dei eg frette for ti år sidan er no gått bort, mellom dei Ingrid Hjelle, Inga Rangsæter og min farfar Ola Løset. Dei som er "eldre" her no, er i dag faktisk generasjonen under, sjølv om også dei kan mange uttrykk.

Lista er ikkje komplett på nokon måte. Det er uoverstigeleg som mål og det er ikkje meininga å gå Ivar Aasen i næringa, men ho veks med nokre ord no og då. Lista har litan verdi så lenge orda er stengt inne i WordPerfect-format på ein gammal diskett, så eg valde å legge den ut på nettet.
Eg noterer framleis ukjende ord når eg høyrer dei, og har såleis fått mykje tilfang både lenger innover i Dalsfjorden og frå Bjørkedalen dei seinare åra. Listene med innsamla ord har passert gjennom mange hender når dei har blitt til, og har såleis vore grundig diskutert ved mangt eit samkome. Slik sett har eg mange bak meg når eg foreslår ei tyding av eit ord.
I lista har eg ikkje freista bruke lydskrift, men ein skrivemåte som ligg opp til talemåten. Somme ord vert uttala ulikt innanfor kommunen, nokre gonger jamvel ulikt frå grend til grend og fra gard til gard. Dette er ikkje uttrykk for at nokan har "feil", men speglar det rike mangfaldet i ordtilfanget her.

M
einingane vil gjerne vere delte om både tyding og talemåte for nokre av uttrykka, slik at det kan vere nyttig med ein diskusjon kring slike ord for å sikre at ein finn fram til den vanlegaste tydinga av ordet. Særmerkte bruksområde kan også vere interessante å ta med. Kanskje nyttar du framleis mange av uttrykka i eiga daglegtale? Her er skilnaden stor mellom Volda sentrum og bygdene ute i krinsane.
Fleire vil kanskje minnast korleis foreldre og besteforeldre tala då de var yngre. Kanskje kan du nesten høyre dei inni deg, og kjem på nokre ord som burde ha sin sjølvsagte plass ei ei slik liste som dette? Eg vil då oppmode om at du postar bidraget i Volda.info debattside eller sender det på e-post.

Jørn Olav Løset
Dalsbygd, 16.11.2001

........................................................................................................................................................

Først publisert 25.10.2001. Sist oppdatert 18-02-2007. Skrive for 800x600 i MSIE 4+.
Copyright Volda.info 2007. E-mail / e-post: jorn @ volda.info

........................................................................................................................................................